Emigrating to America

Ei historisk oversikt over norsk utvandring til Amerika, frå 1825 til i dag

Utforsk den norske utvandringa til Amerika gjennom interaktive digitale og fysiske opplevingar. På desse sidene finn du eit digitalt spel om kryssinga av Atlanteren, ei utstilling om utvandringa – som også har plass til lokale historier – og dessutan undervisningspakkar som inkluderer både oppgåver og spel.

Fordjup deg i identiteten din og få ei djupare forståing for den felles menneskelegdommen vår på tvers av tid og rom gjennom historiene til norske emigrantar.

Målet med prosjektet er å gi publikum ei djupare forståing av kompleksiteten i historisk immigrasjon, og dermed gi verdifulle perspektiv til dagens debattar om temaet. Alt innhald er tilgjengeleg både på norsk og engelsk, gratis, og publisert under ein open lisens.

utforsk:

utstilling

Utstillinga Den store utferda består av ei rekkje generelle plakatar som utforskar temaet norsk utvandring frå 1825 og fram til i dag. I tillegg har du høve til å laga dine eigne lokale plakatar (mal følgjer med) og utvida utstillinga med eit interaktivt spel.

Alle filer og meir informasjon er tilgjengeleg via knappen nedanfor.

spel

Hands Across the Sea er ein visuell roman, eit digitalt spel der dine val driv historia framover. Gå inn i rolla som ein ung norsk emigrant og legg ut på reisa over Atlanteren til Amerika.

Emigrating to America er eit brettspel for klasserommet som simulerer den historiske opplevinga av å utvandra frå Noreg til Amerika, og viser dei mange utfordringane emigrantane stod overfor.

Kva er emigranthistoria di? er eit interaktivt utstillingsspel utforma som ein personlegdomstest. Gå gjennom plakatane og svar på spørsmål for å finna ut kva yrke du kunne hatt som norsk immigrant i Amerika.