Den store utferda – Utstilling

Utstillinga Den store utferda består av tre ulike sett med plakatar som du kan velja å bruka. Plakatane og andre delar av utstillinga er gratis å bruka. Me vil gjerne høyra meir om erfaringane dine med utstillinga, så fortel oss gjerne dersom de stiller den ut, og ta gjerne bilete av korleis ho er sett opp.

 

Praktisk:

Plakatane bør trykkjast profesjonelt, men kan også skrivast ut på ein vanleg skrivar for bruk i skular eller mindre grupper. Du står fritt til å velja materiale, men me foreslår å trykkja på kvit PVC, til dømes med 3 mm tjukn, eller på Kapa-plate (skumplate). Eit tredje alternativ er å trykkja plakatane på tjukt papir eller kartong.

(Last ned filene ved å klikka på knappane nedanfor)

Generelle plakatar

Det finst ni generelle plakatar som tek for seg den overordna norske utvandringa til Amerika.

Storleik: 84 cm x 84 cm

Nynorsk:

Bokmål:

Lokale plakatar

Dei lokale plakatane består av ein designmal som du kan bruka til å fortelja historia di om norsk utvandring til Amerika – anten ved å følgja éin person eller familie, eller ved å fokusera på éin stad eller ein del av reisa. Malen inneheld alt du treng for å redigera plakatane i Adobe InDesign eller liknande program.

Storleik: 42 cm x 59 cm (A2-format)

Utstillingsspel

Utstillingsspelet «Kva er emigranthistoria di» er ein serie på ni plakatar som til saman utgjer eit morosamt og interaktivt spel publikum kan spela medan dei bevegar seg gjennom dei generelle plakatane.

Storleik: 42 cm x 59 cm (A2-format)

Nynorsk:

Bokmål:

Klasseromsspel

Klasseromsspelet er eit interaktivt spel for mellom 4 og 30 personar (t.d. ein klasse). Det er ei forenkla simulering av reisa til emigrantane frå Noreg til Amerika. Nedanfor finnar du ein zip-fil som inneheld alt du treng for å spela. 

Nynorsk:

Oversikt over dei ulike plakatane som er inkluderte i utstillinga.

Flyer - a5

Roll-up ( 85cm x 200cm )